dcsimg

Ligustrum ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Ligustrum vulgare
Ligustrum vulgare

Systematikk Domene: Eukaryota Rike: Plantae Klasse: Magnoliopsida Orden: Lamiales Familie: Oleaceae Tribus: Oleeae Subtribus: Ligustrinae Slekt: Ligustrum Vitskapleg namn Ligustrum

Ligustrum eller ligusterslekta er ei planteslekt i tribusen Oleeae i oljetrefamilien med om lag 40 artar av opprette, lauvfellande eller eviggrønne busker, nokre gongar dannar dei små eller mellomstore tre.[1] Dei er alle kjente under namnet liguster. Fleire av dei blir nytta som hagevekster og i nokre tilfelle som hekkplante.

Ligusterslekta er utbreidd i Nord-Afrika, Mellemausten, Kaukasus, Sibir, Aust-Asia, Indonesia og Europa med tyngdepunktet i Aust-Asia. Det er lauvfellande eller vintergrønne buskar med motsette, kortstilka og heilranda blad. Blomstrane er samla i endestilte eller akselstilte toppar. Dei einskilte blomstrane er 4-talige og regelmessige med samanvaksne kronrøyr og oftast kvite kronblad. Fruktene er svarte steinfrukter eller bær med eitt til tre frø.

Ligusterslekta står nært syrinslekta (Syringa), men har kjøttaktige bær og ikkje tørre kapslar som syrin-artane har. Desse to slektene utgjer same subtribus, Ligustrinae, i tribusen Oleeae.

Utvalde artar

Integrated Taxonomic Information System lister elleve godtekne ("accepted") artar av Ligustrum.[2] I tillegg er andre artar lista i andre referansar.[3][4][5]

Bakgrunnsstoff

Wikispecies
Wikispecies har taksonomisk informasjon om Ligustrum

Referansar

  1. Webb, C. J.; Sykes, W. R.; Garnock-Jones, P. J. 1988: Flora of New Zealand. Vol. IV. Naturalised Pteridophytes, Gymnosperms, Dicotyledons. 4. Christchurch, New Zealand, Botany Division, D.S.I.R..
  2. «ITIS Standard Report Page - Ligustrum», Integrated Taxonomic Information System, henta 20. juni 2011
  3. Flora of China: Ligustrum
  4. Flora of Taiwan: Ligustrum
  5. Flora Europaea: Ligustrum
license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN

Ligustrum: Brief Summary ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Ligustrum eller ligusterslekta er ei planteslekt i tribusen Oleeae i oljetrefamilien med om lag 40 artar av opprette, lauvfellande eller eviggrønne busker, nokre gongar dannar dei små eller mellomstore tre. Dei er alle kjente under namnet liguster. Fleire av dei blir nytta som hagevekster og i nokre tilfelle som hekkplante.