Bjørnedyr eller tardigradar (Tardigrada, 'dei som går sakte') er mikroskopiske, segmenterte dyr nærskylde leddyra. Dei lever i vassfilm, og er vanlegvis mellom 0,1 og 1,5 mm store.
Kroppen til eit bjørnedyr er delt i fire segment - hovudet ikkje rekna med. Kvart kroppssegment har eit beinpar, og kvart bein har eit par klør eller tær. Utanpå kroppen sit det eit eksoskjelett av kitin som må skiftast ut i takt med at dyret veks.
Bjørnedyra er protostomiar med ekte coelom, men kroppshola er redusert til eit lite holrom rundt kjønnsorgana. Dei er særkjønna og legg egg.
Som med mange artar rundmark og hjuldyr førekjem det euteli hjå bjørnedyra: Alle vaksne individ av ein art har nøyaktig det same talet på celler i kroppen.
Dei fleste bjørnedyra lever av planterestar eller bakteriar, men det finst òg nokre få kjøtetarar.
Bjørnedyr høyrer med mellom dei få dyregruppene som er i stand til kryptobiose. Dette inneber at dei metabolistiske prosessane i kroppen vert redusert til eit minimum, faktisk heilt ned til under 0,01 % av normaltilstanden, og at vassmengda vert redusert til om lag 1 % av det normale. Dette er noko dyra gjer for å klara seg gjennom tøffe tider; når tilhøva vert for harde for dyra kan dei tilsynelatande stoppa alle livsfunksjonar, for så å vakna opp att like friske og raske opptil fleire tiår seinare.
Lista over kva for tilhøve bjørnedyra kan overleva er imponerande:
Det har òg vorte påvist at dyra har sterk toleranse overfor sterke syrer og baser.
Bjørnedyr eller tardigradar (Tardigrada, 'dei som går sakte') er mikroskopiske, segmenterte dyr nærskylde leddyra. Dei lever i vassfilm, og er vanlegvis mellom 0,1 og 1,5 mm store.