dcsimg

Nordfirfisle ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Nordfirfisle (Lacerta vivipara eller Zootoca vivipara) er ei lita, tilpasningsdyktig øgle som reknast som verdas nordlegaste krypdyr. Ho er utbreidd i heile det tempererte Europa utanom Middelhavsområdet, i tillegg til store delar av nordlege Asia. Ho finst i heile Noreg, bortsett frå delar av Nordland og Vestlandet.

Kjenneteikn og åtferd

Firfisla er eit lite krypdyr med korte bein. Den flattrykte kroppen er vanlegvis under 10 cm lang, halen er vanlegvis lengre. Vanlegvis er ho brun med eit par mørke og kvite stripar på oversida, nyfødde ungar er mørkare.

Nordfirfirsla lever hovudsakleg av insekt, tusenbein og edderkoppar, som ho jaktar etter på bakken. I kaldt vêr kan ein ofte observera dei sola seg på fuktige stadar med mykje vegetasjon. Arten er svært rask.

Kjelder

license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN

Nordfirfisle: Brief Summary ( Norwegian )