dcsimg

Årevengjer ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Årevengjer, kvefsar eller vepsar (Hymenoptera) er ein stor orden insekt med membranøse vengjer ein lett kan sjå blodårene i. Gruppa omfattar mellom anna bier, stikkekvefsar, humler og maur og er truleg den tredje største gruppa insekt i verda.

Det er beskrive over 125 000 ulike artar årevengjer, men truleg er det totale artstalet langt høgare. Det gjeld òg dei 1292 artane som er registrerte i Noreg.

Kjenneteikn

Dei fleste årevengjer har to par gjennomsiktige vengjer, kor dei bakerste er små og fest til dei første med krokar. Antennene er velutvikla og finst i fleire variantar.

Munndelane er som oftast forlenga, og som regel modifiserte til å ta opp nektar frå blomar. Likevel har dei som regel funksjonelle mandiblar, det vil seie tyggjekjever. Hjå bier har labium (underleppa) fått vekse ut eit par para flikstrukturar som kallast glossae og paraglossae.

Det siste segmentet på mellomkroppen er redusert og samanvakse med første bakkroppssegment. Hoer har nesten alltid ein ovipositor, eit eggleggingsorgan som hjå mange artar er omdanna til ein stikke- eller sagebrodd.

Kjønn

Eit særtrekk ein finn i årevengjene (og i somme barkebillar) er den haplo-diploide måten å fastsetja kjønn på. Individ som er diploide (har kromosoma sine arrangert i par) veks opp til hoer, medan haploide individ (med halvparten så mange kromosom) veks opp til hannar. Dette tyder i praksis at befrukta egg alltid vert hoer, medan ubefrukta egg som klekkast likevel vert til hannar.

Dette systemet har ført til at hoer av årevengjer faktisk deler meir genmateriale med systrene sine enn dei gjer med sitt eige avkom, i alle fall målt i prosent. Ifølgje Bill Hamiltons slektskapsseleksjonsteori er dette årsaka til at så mange av dei er eusosiale.

Levesett

 src=
Maur lever i samfunn.

Årevengjer er aktive insekt med fullstendig forvandling. Larvane manglar bein og er ofte kvite og blaute. Dei er ofte parasittiske eller parasittoide, viss dei ikkje bur i eit bol og får mat hjå søskena sine (som hjå maur og bier).

Det verkar som årevengjer har ein evolusjonær tendens til å danna eusosiale samfunn, det vil seie koloniar med fleire ulike kastar av morfologisk ulike individ som er spesialtilpassa ulike oppgåver. Som regel er det ei sentral dronning i ein koloni som produserer mengder av døtrer til å henta mat, fora larvar og forsvara bolet. Frå tid til annan vert det produsert nye dronningar og hannar, som svermar før hannane døyr og dronningane grunnlegg nye koloniar. Årevengjehoer kan lagra sæd i kroppen sin og bruka han til å befrukta egga sine med heile resten av livet.

Evolusjon og systematikk

Dei eldste fossile årevengjene er frå triastida for 207-220 millionar år sidan og var plantekvefsar som høyrde til familien Xyelidae. Dei første fossilane frå sosiale årevengjegrupper dukka opp i krittida.

Som regel har ein delt årevengjene opp i to underordenar, Symphyta (plantekvefsar) og Apocrita (andre kvefsar,bier, humler og maur). Grunnlaget for dette er den såkalla kvefsetalja, innsnøringa dyra har mellom mellom- og bakkroppen, som er unik for Apocrita.

Med fylogenetisk systematikk har ein derimot gått litt vekk frå dette systemet. Ein reknar nemleg med at Apocrita oppstod frå Symphyta-familien Orussidae, noko som fører til at Symphyta vert parafyletisk.

Kjelder

license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN

Årevengjer: Brief Summary ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Årevengjer, kvefsar eller vepsar (Hymenoptera) er ein stor orden insekt med membranøse vengjer ein lett kan sjå blodårene i. Gruppa omfattar mellom anna bier, stikkekvefsar, humler og maur og er truleg den tredje største gruppa insekt i verda.

Det er beskrive over 125 000 ulike artar årevengjer, men truleg er det totale artstalet langt høgare. Det gjeld òg dei 1292 artane som er registrerte i Noreg.

license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN