Ibisfamilien, Threskiornithidae, omfattar 32 artar av store vassfuglar, med to undergrupper, ibisar og skeistorkar. Medlemmene av familien har lange, breie venger med 11 handsvingfjør og rundt 20 armsvingfjør. Dei er gode flygarar og dessutan dyktige til å glideflyge. Kroppen har ein tendens til å vere langstrakt, halsen og beina er lange. Nebbet er langt, hos ibisar nedoverbøygd, men hos skeistorkar rettpeikande og karakteristisk flatt. Dette er store fuglar, men berre mellomstore blant fuglane i ordenen storkefuglar. Storleiken varierer frå olivenibis, Bostrychia olivacea, på 45 cm og 450 gram, til kjempeibis, Thaumatibis gigantea, 100 cm og 4,2 kg.
Dei er distribuerte over nesten heile verda, og finst nesten kvar som helst av område med stilleståande eller sakteflytande ferskvatn eller brakkvatn. Ibisar finst dessutan i tørrare område, òg på avfallsplassar utanfor byar. Alle artane er aktive på dagtid, nyttar dagen til å samle føde på eit breitt spekter av virvellause dyr og små virveldyr. Ibisar søkjer med nebbet i blaut jord eller søle, skeistorkar svingar nebbet frå side til side i grunt vatn. Dei kviler om natta i tre nær vatn. Dei er selskaplege, et, kviler og flyg saman, gjerne i formasjon.
Ibisar er kolonihekkarar, skeistorkar hekkar oftare i små grupper eller enkeltvis. Begge grupper byggjer nesten alltid reir i tre som heng over vatn, men nokon gonger på øyar eller småøyar i sumpar. Vanlegvis byggjer hofuglen ein solid reirstruktur av siv og pinnar som hannfuglen skaffar. Typisk storleik på kull er 2 til 5; klekkinga skjer asynkron. Begge kjønna rugar på skift, og etter klekking fôrar dei ungane med oppgulp av matdelar. To eller tre veker etter klekking, treng ikkje ungane lenger varme frå foreldra og kan forlate reiret, men returnerer å bli mata av foreldra.
Ibisar og skeistorkar i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[2]
Slekt Eudocimus
Slekt Plegadis
Slekt Lophotibis
Slekt Cercibis
Slekt Mesembrinibis
Slekt Phimosus
Slekt Theristicus
Slekt Threskiornis
Slekt Pseudibis
Slekt Geronticus
Slekt Nipponia
Slekt Bostrychia
Slekt Platalea