Tyrihjelm (Aconitum septentrionale eller A. lycoctonum subsp. septentrionale) er ein plante i soleiefamilien som veks vilt i Noreg.
Det greske namnet tydar 'ulvemord', og tyrihjelm har frå gammal tid vorte brukt til å forgifta åte som vart lagt ut til ulven. Planten har òg vorte kalla Nordens arsenikk. Dette skuldast truleg at han har vorte brukt til å ta livet av meir enn ulv. Avkok av tyrihjelm har vore mykje nytta som flugegift og som middel mot skabb og lus.
Namnet tyrihjelm, med variantar som turull, torrolm, tørælm osb., medar truleg på at blada liknar tverrstykket på ein tyrill, som er kjernestaven som vart brukt i ei stavkjerne, ein strokk, og at blomen kan minne om ein hjelm eller ein hatt - jamfør lushatt, som er eit anna vanleg namn på same planten - lus- kjem av at avkok vart brukt til å vaske krøtter med for å bli kvitt lus. Namnet torhjelm er ein litterær folkeetymologi; noko samband med guden Tor/Þórr er ikkje kjent.
Planten har rette stenglar som er kledd med kjertelhår. Blada er flikete. Tyrihjelm blomstrar i juli-august. Blomstrane er vanlegvis lilla, men kan vera kvite.
Tyrihjelm (Aconitum septentrionale eller A. lycoctonum subsp. septentrionale) er ein plante i soleiefamilien som veks vilt i Noreg.
Teikning av tyrihjelm Variant med kvite blomar. Frø av tyrihjelm.