dcsimg
Image of pellitory-of-the-wall
Life » » Plants » » Dicotyledons » » Nettle Family »

Pellitory Of The Wall

Parietaria judaica L.

Blidnesle ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Blidnesle (Parietaria judaica) er ei urt i neslefamilien. Planten blir rundt 30 cm høg, og har blomar i grøne centimeterstore nøster. Blada har ikkje brennhår på same måte som brennesle.[1] I staden er han kjenneteikna av klistrande hår.[2]

Blidnesle har motsette blad som er 2-8 cm lange og er mjuke, grøne og ovalforma med spisse endar. Stenglane er raude eller rosa. Planten har små, lysegrøne blomar som sit i klasar på stengelen.[2]

Planten kjem frå Europa, Sentral- og Vest-Asia og Nord-Afrika.[2] Han er ein sjeldan gong å finna i Noreg, typisk på avfallsplassar.[1] Han er vurdert som ein ikkje reproduserande framand art.[3]

Blidnesle er mildt giftig for menneske. Plantehåra kan gje ein mild hudreaksjon medan pollenet kan forårsaka allergiske reaksjonar som astma, høysnue, sterk hudirritasjon og augekatarr. Eit av dei engelske namna for planten er asthma weed.[2]

Kjelder

  1. 1,0 1,1 «Blidnesle» i Store norske leksikon, snl.no.
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 «Pellitory (Parietaria judaica)». NSW WeedWise.
  3. «Blidnesle Parietaria judaica L.». Artsdatabanken. Henta 25. november 2017.
license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN

Blidnesle: Brief Summary ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Blidnesle (Parietaria judaica) er ei urt i neslefamilien. Planten blir rundt 30 cm høg, og har blomar i grøne centimeterstore nøster. Blada har ikkje brennhår på same måte som brennesle. I staden er han kjenneteikna av klistrande hår.

Blidnesle har motsette blad som er 2-8 cm lange og er mjuke, grøne og ovalforma med spisse endar. Stenglane er raude eller rosa. Planten har små, lysegrøne blomar som sit i klasar på stengelen.

Planten kjem frå Europa, Sentral- og Vest-Asia og Nord-Afrika. Han er ein sjeldan gong å finna i Noreg, typisk på avfallsplassar. Han er vurdert som ein ikkje reproduserande framand art.

Blidnesle er mildt giftig for menneske. Plantehåra kan gje ein mild hudreaksjon medan pollenet kan forårsaka allergiske reaksjonar som astma, høysnue, sterk hudirritasjon og augekatarr. Eit av dei engelske namna for planten er asthma weed.

license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN