Stormfuglfamilien (Procellariidae) er ei gruppe av sjøfugl som femnar om havhestar, «eigentlege» petrellar, kvalfuglar, lirer og dukkpetrellar. Saman med albatrossfamilien og stormsvalefamilien utgjer stormfuglfamilien ordenen stormfuglar, Procellariiformes.
Procellariidae er den mest talrike familien av ordenen stormfuglar, og held dei mest varierte artane. Fuglane i familien varierer i storleik frå kjempepetrellane som er nesten like store som albatrossane, til kvalfuglane, som er så små som dei største stormsvalene. Dei lever av fisk, blekksprut og krepsdyr, mange tar òg utkast frå fiskebåtar og daud fisk. Alle artar driv fangst over store avstandar og fleire foretar transekvatoriale migrasjonar. Dei dannar koloniar og er monogame. Alle artar legg eitt egg per hekkesesong. Rugeperioden og perioden fram til ungane er sjølvstendige er svært lang samanlikna med tilsvarande periode hos andre fuglefamiliar.
Somme artar av stormfuglfamilien har ein bestand på fleire millionar par medan andre artar har mindre enn 200 attlevande individ. Menneske har tradisjonelt utnytta fleire artar av havhestar og lirer som mat, til brennstoff og til agn, ein praksis som held fram på ein kontrollert måte i dag. Fleire artar er trua av introduserte artar som åtakar ungar og vaksne i hekkekoloniane og dei er òg trua av linefisket.
Det finst klassifisert over 90 artar i 16 slekter.[1] Sjekkliste for Europa inneheld 22 artar og for Noreg 7 artar.
I følgje studiar innan fylogenetiske relasjonar blant fuglar utført av Sibley og Ahlquist, skjedde splittinga av Procellariiformes i fire familiar for rundt 30 millionar år sidan. Eit fossilt bein som ofte vert sett i samband med denne fugleordenen er skildra som slekta Tytthostonyx. Beinet er funne i bergartar datert til rundt krit-tertiær-utryddinga for 70-60 millionar år sidan, men beinfunnet er ikkje så komplett at plasseringa innan Procellariiformes kan reknast som sikker.[2] Molekylære studiar tyder på at stormsvaler var dei første som tok til å avvike frå eit opphavleg takson, deretter albatrossar, med Procellariidae og dukkpetrellar som dei siste. Mange taksonomiar har halde dukkpetrellar, Pelecanoides, utanfor familien Procellariidae. Eigenarten til dukkpetrellar har hatt brei stønad, men frå 2016 vart dukkpetrellane fletta inn i stormfuglfamilien igjen i 'eBird/Clements Checklist'.[1]
Dei moderne slektene innan Procellariidae utvikla seg kanskje like tidleg som då den antatte kløyvinga av ordenen Procellariiformes skjedde, med ei Rupelium-slekt, tidleg oligocen, etter fossil frå Belgia knytt til Puffinus-lirer,[3] og dei mest moderne slekter vart etablert i miocentida. Derfor synast det sannsynleg at ein grunnleggjande framvekst av Procellariiformes i eocen, særleg når ein veit at det er funne betydelege fråvik i molekylær evolusjonsrate og mønstre gjennom heile familien.[4][5]
Sibley-Ahlquist-taksonomi har inkludert alle tradisjonelle medlemmer av Procellariiformes inn i Procellariidae og sett inn den utvida familien inn i ordenen Ciconiiformes, men denne endringa er ikkje allment akseptert.
I tradisjonell taksonomi er familien Procellariidae delt inn i fire ganske ulike grupper: havhestar, «eigentlege» petrellar, kvalfuglar, og lirer.
Procellaria (petrellar)
Bulweria (petrellar)
Puffinus (små lirer)
Calonectris (store lirer)
Puffinus (store lirer)
Aphrodroma (Lugensa)
Pterodroma (petrellar)
Den meir tradisjonelle taksonomien av familien, spesielt inndelinga i fire grupper, har blitt utfordra av nyare forsking. Ein studie frå 1998 av Gary Nunn og Scott Stanley viser at havhestar verkeleg er ei distinkt gruppe innan familien, akkurat som slekta Pterodroma er det.[5] Men ein ser ikkje lenger på dei to petrellane i slekta Bulweria som nær Pterodroma («eigentlege» petrellar), i staden er Bulweria nærare Procellaria (lirer). Ein har skilt ut to nye slekter Pseudobulweria og Lugensa frå slekta Pterodroma, med Pseudobulweria fylogenetisk nærmare Puffinus-lirer enn Pterodroma-petrellar,[9] og Lugensa i dag Aphrodroma brevirostris, sølvvengpetrell kanskje nært relatert til lirer eller havhestar.[10] Kvalfuglar er ifølgje Nunn og Stanley innanfor den utvida gruppa lirer.[5] Calonectris-lirer er plassert nær Puffinus-kladane, begge fjernt frå Procellaria-lirer.
Ein ser at relasjonane mellom slektene og innan slektene framleis er gjenstand for debatt, forskarar samlar og splitter artane og slektene i denne familien og argumenterer for ulike plasseringar av slektene i familien.[4][7] Fleire av artane som valdar bry for forskarane er blant dei minst kjente av alle sjøfuglar, somme som fijipetrell har ikkje blitt sett meir enn 10 gonger sidan dei vart oppdaga for vitskapen, for andre artar som melanesialira er oppvekststadene framleis ukjente.
Det finst rundt 80 artar av Procellariidae i 14 slekter.
Oversyn av slekter:
Stormfuglfamilien (Procellariidae) er ei gruppe av sjøfugl som femnar om havhestar, «eigentlege» petrellar, kvalfuglar, lirer og dukkpetrellar. Saman med albatrossfamilien og stormsvalefamilien utgjer stormfuglfamilien ordenen stormfuglar, Procellariiformes.
Procellariidae er den mest talrike familien av ordenen stormfuglar, og held dei mest varierte artane. Fuglane i familien varierer i storleik frå kjempepetrellane som er nesten like store som albatrossane, til kvalfuglane, som er så små som dei største stormsvalene. Dei lever av fisk, blekksprut og krepsdyr, mange tar òg utkast frå fiskebåtar og daud fisk. Alle artar driv fangst over store avstandar og fleire foretar transekvatoriale migrasjonar. Dei dannar koloniar og er monogame. Alle artar legg eitt egg per hekkesesong. Rugeperioden og perioden fram til ungane er sjølvstendige er svært lang samanlikna med tilsvarande periode hos andre fuglefamiliar.
Somme artar av stormfuglfamilien har ein bestand på fleire millionar par medan andre artar har mindre enn 200 attlevande individ. Menneske har tradisjonelt utnytta fleire artar av havhestar og lirer som mat, til brennstoff og til agn, ein praksis som held fram på ein kontrollert måte i dag. Fleire artar er trua av introduserte artar som åtakar ungar og vaksne i hekkekoloniane og dei er òg trua av linefisket.
Det finst klassifisert over 90 artar i 16 slekter. Sjekkliste for Europa inneheld 22 artar og for Noreg 7 artar.