dcsimg

Amerikansk bever ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Amerikansk bever eller nordamerikansk bever (Castor canadensis) er ein av dei to underartane av bever. Han skil seg frå europeisk bever ved leveområdet sitt; opphavleg levde den amerikanske beveren berre i Nord-Amerika, i dagens USA, Canada og Mexico. I dag er han også introdusert til Sør-Amerika, og det finst grupper med amerikansk bever i Europa. Amerikansk bever kan sjølv også delast inn i ei rekkje underartar.

Utsjånad

Utsjånaden hjå amerikansk bever er annleis enn europeisk bever på ei rekkje punkt, m.a. er den amerikanske varianten noko mindre enn hin. Også genetisk er dei ulike, då amerikansk bever har 40 kromosom medan den europeiske har 48. I Russland har ein gjort omfattande forsøk på å kryssa dei to underartane, men det nærmaste ein kom ein hybridbever, var ein daudfødd unge. Difor er det lite truleg at ein vil få slike hybridbeverar sjølv om underartane nokre stader lever på same område.

Forplanting

I motsetnad til dei fleste gnagarar er beverane monogame dyr. Om lag 20 % av toårige beverar reproduserer seg, men vanlegvis skjer ikkje dette før det tredje leveåret. Beverane får eitt kull i året. Hoene går då drektige i ca. 128 dagar og før frå 2-6 ungar.

Historie

Opphavleg reknar ein med at det levde mellom 100 og 200 millionar bevereksemplar i Amerika før europerane oppdaga kontinentet. Det vart drive omfattande pelsjakt på bever i Amerika frå 1600-talet og oppover. Då ein innførte vernetiltak for beveren seint på 1800- og i byrjinga av 1900-talet var beverbestanden i Amerika svært liten. I dag finst det mellom 10 og 15 millionar beverar på kontinentet. Mange stader vert beveren no sett på som eit skadedyr, særleg når dei går inn i urbane byområde og lever der.

Eldlandet, der beveren vart innført på 1940-talet på grunn av pelsen, har dyret gjort store skader. Beveren har ingen naturlege fiendar her, og trea han feller gror ikkje til att på same måten som nordamerikanske tre. Difor har ein vedteke ein plan for å utrydda beveren frå området.

Kjelde

license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN

Amerikansk bever: Brief Summary ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Amerikansk bever eller nordamerikansk bever (Castor canadensis) er ein av dei to underartane av bever. Han skil seg frå europeisk bever ved leveområdet sitt; opphavleg levde den amerikanske beveren berre i Nord-Amerika, i dagens USA, Canada og Mexico. I dag er han også introdusert til Sør-Amerika, og det finst grupper med amerikansk bever i Europa. Amerikansk bever kan sjølv også delast inn i ei rekkje underartar.

license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN

Nordamerikansk bever ( Norwegian )

provided by wikipedia NO

Nordamerikansk bever (Castor canadensis) er et pattedyr.

Referanser

Eksterne lenker

zoologistubbDenne zoologirelaterte artikkelen er foreløpig kort eller mangelfull, og du kan hjelpe Wikipedia ved å utvide den.
Det finnes mer utfyllende artikkel/artikler på .
license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia forfattere og redaktører
original
visit source
partner site
wikipedia NO

Nordamerikansk bever: Brief Summary ( Norwegian )

provided by wikipedia NO

Nordamerikansk bever (Castor canadensis) er et pattedyr.

license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia forfattere og redaktører
original
visit source
partner site
wikipedia NO