dcsimg

Phalaropus ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Symjesnipe, Phalaropus lobatus Foto: Jean Moulin
Symjesnipe, Phalaropus lobatus
Foto: Jean Moulin
Systematikk Rike: Animalia Rekkje: Chordata Klasse: Aves Orden: Charadriiformes Familie: Scolopacidae Slekt: Phalaropus Artar
  • Symjesnipe P. lobatus
  • Vitskapleg namn Phalaropus

    Phalaropus er ei biologisk slekt av dei tre symjesnipeartane som finst. Dette er vadefuglar i snipefamilien, Scolopacidae. Dei er nære slektningar av andre sniper og vandresniper i slektene Tringa og Actitis, dessutan tereksnipe, steinvendarar Arenaria og Calidris-snipene. Symjesniper er spesielt kjent for to ting: det uvanlege kjønnsrollemønstret ved forplanting, og ein unik fôringsteknikk.

    Dette er små til mellomstore sniper, ca. 18–23 cm i lengd, har «symjeflikar» på tærne og eit rett, tynnt nebb. Polarsymjesnipa har tydeleg tjukkare nebb enn dei andre to artane, jamfør namn på svensk, Brednäbbad simsnäppa. Symjesniper er overvegande grå og kvite om vinteren, og utviklar mørkare fjørdrakter med raude markeringar i sommardrakt. Kvithalesymjesnipa er hekkefugl i Nord-Amerika og er trekkfugl i Sør-Amerika. Polarsymjesnipe og symjesnipe har sirkumpolar utbreiing med hekkeområde rundt den nordlege polarsirkelen.

    Levevis

    Polarsymjesnipe og symjesnipe har uvanleg levevis for vadefuglar ved at dei er sterkt pelagiske, det vil seie dei brukar mykje av tida utanfor hekkesesongen langt ut i havet. Kvithalesymjesnipa er uvanleg halofil, føretrekk salt miljø, og beitar i stort tal på saltvassjøar som for eksempel Mono Lake i California og Store saltsjø i Utah.

    Føde

    Når symjesnipene beitar på grunt vatn sym dei ofte fort rundt i ein liten sirkel og dannar et lite «boblebad». Dette trur ein kan medverke til å røre opp mat frå botnen. Frå midten av sirkelen kan fuglen plukke små insekt og krepsdyr som har samla seg i dragsuget.

    Det har blitt vist at symjesniper utnyttar overflatespenninga i vatnet for å fange matpartiklar og å flytte dei opp langs nebbet og inn i munnen.

    Omvendt kjønnsdimorfisme og forplanting

    Kjønnsdimorfisme som ein ofte finn blant fuglar er reversert hos dei tre symjesnipeartane. Hofuglane er større og meir fargerike enn hannane. Hoene følgjer hannane og konkurrerer om hekketerritorium, og vil aggressivt forsvare reirplass og partnar. Det er hannfuglane som rugar egga og tar omsorg for ungane.

    Kjelder

    Bakgrunnsstoff

    license
    cc-by-sa-3.0
    copyright
    Wikipedia authors and editors
    original
    visit source
    partner site
    wikipedia NN

    Phalaropus: Brief Summary ( Norwegian )