Gåsemure er ein krypande fleirårig urt i rosefamilien. Arten har ei sirkumpolar utbreiing.
Gåsemuren vart tidlegare rekna til slekta Potentilla, men har saman med grønlandsgåsemure vorte skilde ut i den eigne slekta Argentina.
Planta vert kring 5 cm høg, har krypande stenglar som set røter ved ledene. Mangefinna blad med kvasse tenner, silkehåra på undersida, stundom også på oversida. Ytterbeger flika eller tanna. Spisse begerblad, ikkje lengre enn ytterbegerblada. Blømer kring juli. Vanlegast på havstrender, men finst også på vegkantar og fuktig mark. Veks over heile Noreg, i Jotunheimen funnen opp til 925 m.