dcsimg

Accipitriformes ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Accipitriformes, haukefuglar, er ein biologisk orden på meir enn 250[1] fugleartar som lever av byttedyr eller åtsel. Haukefamilien, haukar, ørner og glentar, samlar langt dei fleste av desse. Klassifiseringa av denne ordenen er vanskeleg å handsama på ulike vis, til dømes er dei 7 kondorartane tatt ut av Accipitriformes, og heller plassert inn i sin eigen orden frå 2017.[2]

Saman med falkar og karakaraer i Falconiformes utgjer Accipitriformes dei vi reknar som dagaktive rovfuglar. I norsk daglegtale er ofte dei nattaktive rovfuglane Strigiformes, ugler, nemnt som rovfuglar, men uglene er ikkje i slekt med dei andre rovfuglane i Accipitriformes.

Accipitriformes er kjent frå midtre eocentida. Dei har kraftig, kroket nebb med ein mjuk sere med plass for for naseopningane. Vengene er lange og relativt breie, godt egna for glideflukt. Dei 4-6 ytre primærfjøra er avsmala.

Accipitriformes har sterke bein og føter med rovklør og ei kraftig bakklo. Nesten alle er kjøttetande, dei jaktar med synet i dagslys eller i tussmørker. Dei kan ha svært lang levetid, og dei fleste har låg reproduksjonsrate.

Accipitriformes veks særs fort fram til dei er flygedyktige, deretter får dei mat ved reiret i 3-8 veker etter første flygeturen. Det tar frå eitt til tre år før dei er forplantingsdyktige. Kjønna har tydeleg ulik storleik, hos somme artar kan hoer ha over dobbelt vekt av hannen sin vekt. Meir typisk er hannen ein tredel under storleiken til hoer. Kjønnsdimorfismen er vanlegvis mest ekstrem hos spesialiserte fugleetarar, som haukane i slekta Accipiter, men han vere heilt fråverande hos gribbar. I hovudregelen er rovfuglar monogame, dei kan finne ny parter om den gamle døyr.

Accipitriformes er blant dei mest varierte ordenar i storleik. Den minste arten kan vere dverghauk, Accipiter minullus, som måler 23 cm. Den største arten er munkegribb, på opptil 14 kg, 118 cm og 3 m i vengespenn.

Taksonomi

Tradisjonelt var haukefamilien, sekretærfugl og fiskeørn rekna som del av Falconiformes. Men nyare studiar har ført til at ornitologar vel å skilje dei tre nemnte familiane ut til ein ny orden Accipitriformes, slik at falkefamilien blei isolert innanfor Falconiformes.[3] Likeins er kondorar flytta via Accipitriformes til sin eigen orden Cathartiformes.[2]

Per 2014 er Accipitriformes anerkjent som biologisk orden av klassifiseringsautoritetar som International Ornithologists' Union,[4] BirdLife International[5] i tillegg til The Clements Checklist.

Kjelder

  1. Schulenberg T.S.; M. J. Iliff; S. M. Billerman; B. L. Sullivan; C. L. Wood; T. A. Fredericks. (august 2019), eBird/Clements Checklist v2019 (CSV), Cornell Lab of Ornithology
  2. 2,0 2,1 Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, and C. L. Wood (august 2017), Updates & Corrections – August 2017 Cornell Lab of Ornithology. Henta 17. desember 2019
  3. John Harshman, «Accipitriformes», Version 27 June 2008 i The Tree of Life Web Project
  4. Gill, F; D Donsker, red. (2010). «IOC World Bird Names (version 2.7) (Raptors)». Tilgjengeleg frå www.worldbirdnames.org. Henta 2. januar 2011.
  5. BirdLife Taxonomic Checklist v7.0
license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN

Accipitriformes: Brief Summary ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Accipitriformes, haukefuglar, er ein biologisk orden på meir enn 250 fugleartar som lever av byttedyr eller åtsel. Haukefamilien, haukar, ørner og glentar, samlar langt dei fleste av desse. Klassifiseringa av denne ordenen er vanskeleg å handsama på ulike vis, til dømes er dei 7 kondorartane tatt ut av Accipitriformes, og heller plassert inn i sin eigen orden frå 2017.

Saman med falkar og karakaraer i Falconiformes utgjer Accipitriformes dei vi reknar som dagaktive rovfuglar. I norsk daglegtale er ofte dei nattaktive rovfuglane Strigiformes, ugler, nemnt som rovfuglar, men uglene er ikkje i slekt med dei andre rovfuglane i Accipitriformes.

Accipitriformes er kjent frå midtre eocentida. Dei har kraftig, kroket nebb med ein mjuk sere med plass for for naseopningane. Vengene er lange og relativt breie, godt egna for glideflukt. Dei 4-6 ytre primærfjøra er avsmala.

Accipitriformes har sterke bein og føter med rovklør og ei kraftig bakklo. Nesten alle er kjøttetande, dei jaktar med synet i dagslys eller i tussmørker. Dei kan ha svært lang levetid, og dei fleste har låg reproduksjonsrate.

Accipitriformes veks særs fort fram til dei er flygedyktige, deretter får dei mat ved reiret i 3-8 veker etter første flygeturen. Det tar frå eitt til tre år før dei er forplantingsdyktige. Kjønna har tydeleg ulik storleik, hos somme artar kan hoer ha over dobbelt vekt av hannen sin vekt. Meir typisk er hannen ein tredel under storleiken til hoer. Kjønnsdimorfismen er vanlegvis mest ekstrem hos spesialiserte fugleetarar, som haukane i slekta Accipiter, men han vere heilt fråverande hos gribbar. I hovudregelen er rovfuglar monogame, dei kan finne ny parter om den gamle døyr.

Accipitriformes er blant dei mest varierte ordenar i storleik. Den minste arten kan vere dverghauk, Accipiter minullus, som måler 23 cm. Den største arten er munkegribb, på opptil 14 kg, 118 cm og 3 m i vengespenn.

license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN

Haukefugler ( Norwegian )

provided by wikipedia NO

Haukefugler (Accipitriformes) er en orden som omfatter tre familier med dagaktive predatoriske fugler. De fleste artene kan ryttle, altså ha en stasjonær flukt i forhold til bakken.

Evolusjon

Neoaves (moderne fugler) splittet i to linjer for cirka 79,6 millioner år siden. Disse førte etter hvert fram til dannelsen av de to gruppene Australaves (fugler med opprinnelse fra Australasia) og Afroaves (fugler med opprinnelse fra Afrika). Falkefugler (Falconiformes) tilhører Australaves, mens flertallet predatoriske fugler (kondorer, hauker og ugler med flere) tilhører Afroaves.[1]

Inndeling

Haukefuglene inngår ikke lenger i ordenen Falconiformes (falkefugler, tidl. rovfugler), men er skilt ut i sin egen ordenen.[1][2][3] [4][5]

Treliste

Referanser

  1. ^ a b Jarvis, E. D.; Mirarab, S.; Aberer, A. J.; m.fl. (2014). «Whole-genome analys,es resolve early branches in the tree of life of modern birds». Science. 346 (6215): 1320–1331. doi:10.1126/science.1253451.CS1-vedlikehold: Eksplisitt bruk av m.fl. (link)
  2. ^ White, C.M., Olsen, P.D. & Kiff, L.F. (2016). Falcons, Caracaras (Falconidae). In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona.
  3. ^ a b Kemp, A.C. (2016). Secretarybird (Sagittariidae). In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona.
  4. ^ a b Poole, A.F. (2016). Osprey (Pandionidae). In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona.
  5. ^ a b Thiollay, J.M. (2016). Hawks, Eagles (Accipitridae). In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona.

Eksterne lenker

license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia forfattere og redaktører
original
visit source
partner site
wikipedia NO

Haukefugler: Brief Summary ( Norwegian )