dcsimg

Polarmåse ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Polarmåse (Larus hyperboreus) er ein av dei større artane i måsefamilien. Dei hekkar sirkumpolart ved Nordishavet.

Skildring

Polarmåse er ein stor og tung måseart, ca 62-68 centimeter i lengd med eit vengespenn på 138-158 centimeter. Jamført med svartbak har dermed polarmåse lengre kropp, men kortare venger. Han er uvanleg lys i alle fjørdrakter, utan svarte element i venger eller hale, og han har lysrosa bein. Når han sym på vatnet synest nakken tjukk, og i flukt han ser framtung ut med den runde buken og lange halsen. Først i det fjerde leveåret får polarmåsen den vaksne fjørdrakta.

Sommardrakta for vaksne fuglar er lys grå på oversida, og elles heilt kvit. Nebbet er tjukt og gult med ein raud flekk ytterst på undernebbet. Han har eit bleikt andlet med gul iris og vanlegvis gul augehudring. I vinterdrakta er hovud og halsen spraglete i gråbrunt.

Juvenile fuglar førekjem i ein mørk og ein lys fase. I den mørke fasen er fjørdrakta lys, gråbeige, finspreklete utan mørke område på venger eller hale. I den bleika, lyse fasen er drakta nesten rein kvit med berre eit snev av lyse sjatteringar. I begge fasane er nebbet svart på tuppen, som kontrast til ein bleikrosa base på nebbet. Irisen er mørk. Andre vinteren har drakta grove gråflekker, iris har blitt lys og nebbet har fått ein liten kvit flekk ytst på spissen av nebbet. Tredje vinteren blir oversida lysgrå, nebbet blir gult, men enno med svart og kvitt mot nebbspissen. Hovudet og halsen er gråspraglete.

Samanlikna med grønlandsmåse er polarmåsen større og grovare, har breiare venger, buttare vengespiss og er meir tjukknebba. Augehudringen hos vaksen grønlandsmåse er meir raudleg.

Lætet er eit skrattande rop som hos gråmåse.

Distribusjon og taksonomi

Polarmåse hekkar i dei arktiske regionane i det nordlege Russland, på øyar i det nordlege Sibir, i Alaska, Canada, på Svalbard, Jan Mayen, Island, Grønland og på Midwayøyane i Stillehavet. Europeisk polarmåse er i hovudsak ein partiell trekkfugl som overvintrar i farvatn nær hekkeområda.[2] Fleire andre populasjonar i verda er trekkfuglar. Om vinteren finn ein polarmåse i Nord-Atlanteren og Nordsjøen så langt sør som på Dei britiske øyane, og Nord-Stillehavet og i nordlege USA, blant anna i Dei store sjøane. Nokre gongar kan streiffuglar komme til sørlege USA og nordlege Mexico. Polarmåse overvintrar regelmessig ved kysten av fastlands-Noreg, mest vanleg i Nord-Noreg. I Finnmark kan han òg førekomme om somaren.[3]

Taksonomi

Det er ulike syn på taksonomien for polarmåse. Autoritetar som Clements et al. 2011, deler polarmåse inn i fire underartar:[4]

  • Larus hyperboreus hyperboreus, nominatforma, hekkar på Jan Mayen, Svalbard, Franz Josef Land, i Novaja Semlja og det nordlege Russland austover til Tajmyrhalvøya.
  • Larus hyperboreus pallidissimus, hekkar i det nordlege Russland frå Tajmyrhalvøya og aust til Beringhavet og Pribiloføyane.
  • Larus hyperboreus barrovianus, langs nordkysten av Alaska og nordvestkysten av Canada.
  • Larus hyperboreus leuceretes, hekkar frå nordvestre kyst, til arktiske øyar i Canada, på Grønland og Island.

Økologi

Polarmåse hekkar på kysten av svaberg eller bratte graskledde bakkar, men kan òg hekke fleire kilometer inn i landet i høge fjellskrentar eller på små øyar.[2] Dei kan hekke parvis eller i små koloniar og byggjer eit reir på bakken eller på ein stein. Vanlegvis legg dei 2-4 egg.

Utanfor hekkesesongen held dei seg stort sett langs kystar, vitjar ofte fiskerihamner og der det finst avløp frå kloakk og på søppelplassar.[2]

Polarmåse er altetande som dei fleste måsane i slekta Larus, og et åtsel like gjerne små byttedyr. Han kan symje eller gå medan han søkjer føde, men kan òg plukke opp mat frå vatnet og fange mindre fuglar i flukt. Polarmåse følgjer ofte etter fiskebåtar.

Status og truslar

Det er anslått at det er frå 200 000 til 2 000 000 individ i verda[treng kjelde] og av desse hekkane er 30 000 til 50 000 par av Grønland, hovudsakleg i den vestlege delen, 10 000-50 000 par i Sibir, 15 000 par i Alaska og titusenar i Canada. Den største populasjonen i Europa er på Island, kor 10 000 til 15 000 hekkande par. Andre store populasjonar i Europa er på Svalbard med 4000-10000 par, i Russland med 2500 til 10 000 par, og på Jan Mayen med 100-500 par.[2] Bestanden i Grønland er anslått å vere stabil. Utviklinga av den europeiske populasjonen er usikker. Ifølgje Fuglar i Europa (Burfield & van Brommels (red) 2004) er bestanden på Svalbard stabile, medan andre (Nilsson 2007) hevdar at bestandane på Svalbard og Island kraftig redusert det siste tiåret.[2] Populasjonen på Bjørnøya har vore i nedgang sidan 1986, der er det påvist høge verdiar av organiske miljøgifter.[5] Global oppvarming blir antatt å representere ein reell trussel for arten fordi hekkeområda blir driven lenger og lenger mot nord.

Kjelder

Referansar

  1. Rødlistedatabasen (Svalbard) (vitja 15. oktober 2011)
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 Magnus Ullman & Mattias Ullman (2008) Vittruten i Sverige, Vår fågelvärld, vol.67, nr.1, sid:6-15
  3. Svensson, Lars et al (1999). Gyldendals store fugleguide. Gyldendal norsk forlag. ISBN 82-05-25554-7.
  4. Clements, J.F.; T. S. Schulenberg; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C. L. Wood (august 2011), The Clements checklist of birds of the world: Version 6.6 (Excel spreadsheet), Cornell Lab of Ornithology, henta 9. oktober 2011
  5. Strøm, H. Svalbards fugler. s. 86-191 Svalbards fugler og pattedyr - Polarmåke (K. M. Kovacs & C. Lydersen, red.). Polarhåndbok Nr. 13, Norsk Polarinstitutt 2006

Bakgrunnsstoff

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Polarmåse
license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN

Polarmåse: Brief Summary ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Polarmåse (Larus hyperboreus) er ein av dei større artane i måsefamilien. Dei hekkar sirkumpolart ved Nordishavet.

license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN

Polarmåke ( Norwegian )

provided by wikipedia NO

Polarmåke (Larus hyperboreus) er en kystbunden overflatebeitende sjøfugl som tilhører gruppen måker og inngår i slekten Larus, som er den mest tallrike av måkeslektene.

Biologi

Polarmåke er en arktisk art som blant annet hekker Svalbard, Jan Mayen, Island og Grønland, dessuten lengst nord i Russland og Nord-Amerika. Høst og vinter sees den ofte langs norskekysten, i Sør-Norge dog fåtallig og typisk som enkeltindivider i flokker av gråmake og svartbak.

Polarmåka er som grønlandsmåka en svært lys måkeart. I alle drakter fra ungfugl- til voksen hekkedrakt mangler den mørkt på vingespissene, et godt kjennetegn som skiller den fra alle andre norske måkearter (men ikke fra grønlandsmåka). Polarmåka er meget stor, på størrelse med en svartbak, mens grønlandsmåka er mindre, omtrent på størrelse med en gråmåke.

Polarmåka hekker i kolonier i bratte fjellvegger eller på små øyer, men parene kan også hekke enkeltvis.

Som svartbaken tar polarmåka ofte egg og unger fra andre sjøfugler. Den tar fisk og andre marine organismer i vannoverflaten, og spiser gjerne åtsler og avfall. Den kan også drepe nyfødte selunger.

Eksterne lenker

license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia forfattere og redaktører
original
visit source
partner site
wikipedia NO

Polarmåke: Brief Summary ( Norwegian )

provided by wikipedia NO

Polarmåke (Larus hyperboreus) er en kystbunden overflatebeitende sjøfugl som tilhører gruppen måker og inngår i slekten Larus, som er den mest tallrike av måkeslektene.

license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia forfattere og redaktører
original
visit source
partner site
wikipedia NO