dcsimg

Tjukknebbramn ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Tjukknebbramn (Corvus crassirostris) er ein kråkefugl som lever på Afrikas horn. Saman med vanleg ramn er han den største arten i kråkefamilien, og faktisk den største fuglen i den biologiske ordenen Passeriformes, sporvefuglar.

 src=
Bilete frå Etiopia

Dei måler 60-64 centimeter og veg rundt 1,5 kg. Tjukknebbramnen har eit svært stort og kraftig nebb som er djupt bøygd i profilen og gjev fuglen ein svært karakteristisk utsjånad. Nebbet er svart med ein kvit tupp og har ei djup nasebore, berre dels dekt av bustfjører. Denne ramnen har svært korte fjører på hovudet, hals og nakke, som på hals og øvre bryst har ein feit, brun glans. Resten av fuglen er skinande svart med unntak av ein karakteristisk kvit flekk av kort fjør på nakken.

Han er utbreidd i Eritrea, Somalia og Etiopia, habitata omfattar fjell og høge platå mellom 1500 og 3400 moh. Tjukknebbramnen er altetande og beitar på larver, billelarver frå animalsk gjødsel, kadaver, restar av kjøt og menneskemat. Det er observert at han kan ete frå ståande kveite. Han hekkar i tre og på klipper, tilsynelatande byggjer han ein pinnereir som liknar reiret åt kopjeramn. Hoa legg 3-5 egg. Ropa inkluderer ein barsk nasal kvekkelyd, ein låg pipande kvekking, og nokre gonger ein dink, dink, dink lyd.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN

Tjukknebbramn: Brief Summary ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Tjukknebbramn (Corvus crassirostris) er ein kråkefugl som lever på Afrikas horn. Saman med vanleg ramn er han den største arten i kråkefamilien, og faktisk den største fuglen i den biologiske ordenen Passeriformes, sporvefuglar.

 src= Bilete frå EtiopiaFoto: Donald Macauley