dcsimg

Harlekinmarihøne ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Harlekinmarihøne (Harmonia axyridis) er ei marihøne som førekjem naturleg aust i Asia. I seinare tid har arten vorte innført til mange andre land òg, både medvite for å bekjempa bladlus og ved uhell. Ho vert beskriven som verdas mest aggressive framande marihøne på grunn av skadane ho gjer på lokal insektfauna.

Kjenneteikn

Harlekinmarihøna er 5 til 8 millimeter lang, ganske stor til marihøne å vera. Ho er ovalt forma og varierer sterkt i farge og prikkmønster. Dekkvengjene kan variera frå gul, oransje og raud til svart med alt frå null til 21 oransjeraude til svarte prikkar.

 src=
Harlekinmarihøne. Merk den svarte «M»-en på ryggskjoldet.

Protonum, ryggsegmentet framfor vengjene som hovudet er fest til, er som regel kvitt eller kremkvitt med eit svart mønster som stundom liknar ein M. Beina er oftast brune.

Det er kjend over 100 fargevariantar av arten. Vanlegast i Europa er ei oransje form med 15-21 svarte flekkar og ei svart form med 2-4 oransje til raude prikkar. Eksemplara som har vorte funne i Noreg høyrde til den første av desse formene, succinea-forma.

Levesett

Harlekinmarihøna lever hovudsakleg av bladlus, men når desse tek slutt går ho over på andre insekt — til dømes larvar frå sommarfuglar eller andre marihøner. Såleis er arten flink til å utkonkurrera dei lokale artane når ho kjem til nye stadar der marihønefaunaen ikkje er tilpassa denne aggressive konkurransen.

Avhengig av temperatur og mattilgong har harlekinmarihøna ein til to generasjonar i året. Vaksne individ går i dvale i tempererte strok, ofte i hus. For å skaffa seg nok næringsreserver å tæra på et dei litt av frukt og bær før dei overvintrar. Det er kjend frå USA at opp til 20 000 individ kan overvintra i ein og same husvegg.

 src=
Ei harlekinmarihønelarve et ei bladlus

Den første paringstida er om våren. Dei legg egga sine nær bladluskoloniar, og for at dei skal klekka må temperaturen vera minst 10,5°C. Dei er holometabole insekt som må gjennom fire stadium i løpet av livet; egg, larve, puppe og imago eller vaksent insekt.

Harlekinmarihøna som framand art

Harlekinmarihøna vart først innførd til Europa i 1982 for å bekjempa bladlus på nytteplantar. I USA etablerte ho seg i 1988sitrusfruktplantasjar. Det vart foreslått å innføra arten til Noreg så seint som i 2001, men Statens landbrukstilsyn takka nei.

Arten er særs aggressivt invaderande, sidan han forsyner seg så grovt av lokal insektfauna. Ikkje har han noko særleg med naturlege fiendar i landa han kjem til heller. Harlekinmarihøna er allereie den vanlegaste marihønearten i Nord-Amerika, og har i tillegg etablert solide bestandar som spreier seg raskt i mellom andre Storbritannia, Tyskland, Frankrike, Benelux-landa, Hellas og Egypt.

Selskapet Bioforsk reknar med at det ikkje er noko i vegen for at arten skal vera i stand til å få fotfeste i Noreg heller viss han skulle få sjansen. Det ser ut til at det allereie er etablert ein bestand i Oslo, då dei fleste observasjonane er herfrå. Det er òg gjort funn frå Rauma, Snåsa, Tvedestrand og Re i Vestfold.[1] I 2009 vart det gjort funn i Førde.[2] Funna omfattar både larvar og imagoar.

Ein reknar med at harlekinmarihøna kan få særs alvorlege konsekvensar for norsk insektfauna. Ikkje berre er arten i stand til å rydja ut andre marihøner, men òg mange andre viktige nytteinsekt kan stryka med. Dette kan føra til at insektetande fuglar døyr ut, at skadeinsekt vert meir hyppige på grunn av at dei vanlege predatorane deira forsvinn, og at viktige pollinatorar vert sjeldnare og bidreg til at mange plantar ikkje vil klare å formeira seg.

Ordsoge

 src=
Ein harlekinfigur.

Harlekinmarihøna har fått namnet sitt frå commedia dell'Arte-figuren Harlekin, på grunn av at fargemønsteret varierer så valdsamt.

Kjelder

Referansar

  1. «Funn av harlekinmarihøna Harmonia axyridis i Norge.» av Arnstein Staverløkk og May-Guri Sæthre i Insekt-Nytt nr. 33 (nr. 4/2008).
  2. «Plantehelse: Harlekinmarihøna funnet i Førde» hjå Landbruks- og matdepartementet (20.11.2009).

Bakgrunnsstoff

license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN

Harlekinmarihøne: Brief Summary ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Harlekinmarihøne (Harmonia axyridis) er ei marihøne som førekjem naturleg aust i Asia. I seinare tid har arten vorte innført til mange andre land òg, både medvite for å bekjempa bladlus og ved uhell. Ho vert beskriven som verdas mest aggressive framande marihøne på grunn av skadane ho gjer på lokal insektfauna.

license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN

Harlekinmarihøne ( Norwegian )

provided by wikipedia NO

Harlekinmarihøne er en av marihønene. Den er opprinnelig ikke en norsk art, men har etablert seg på Østlandet. Den er innført til Europa og Nord-Amerika for biologisk kontroll av skadedyr, i første rekke bladlus. I tillegg til å spise bladlus spiser harlekinmarihøna andre insekter og deres egg, sommerfugler, blomsterfluer, biller. Den kan fortrenge innfødte arter av marihøner. Man frykter at utbredelse av harlekinmarihøna slik kan forringe artsmangfoldet. Påvirkningen kan også bli indirekte ved at noen av artene den spiser ville ha bidratt til pollinering.

 src=
Forskjellige fargevarianter

Utbredelse

Harlekinmarihøne har en naturlige utbredelse øst i Asia, men har blitt innført i Nord-Amerika, hvor den ikke regnes for å forstyrre den lokale faunaen. Den sprer seg også i Europa. Arten ble påvist i Norge i 2006, men den er uønsket i Norge da den utkonkurrerer andre arter. Siden den ble observert som tilfeldig blindpassasjer på importplanter i 2006, har en nå påvist at den har slått seg ned på Sagene i Oslo. Harlekinmarihøna har et stort sprednings- samt etableringspotensiale. Den kan om relativt kort tid bli en vanlig art i norsk fauna. I Fremmedartslista 2018 er den vurdert til å ha svært høy risiko på grunn av stort invasjonspotensial og høy økologisk effekt.[1]

Utseende

Harlekinmarihøne er svært variabel av utseende, den har vanligvis mange prikker, gjerne mellom nitten og 21. Fargen er ofte oransje, rød eller gulaktig. Den kanskje mest kjente arten i Norge er syvprikket marihøne, med sine røde dekkvinger, med syv mørke prikker. Harlekinmarihøna har vanligvis et M- eller W-formet merke på halsskjoldet.

 src=
Livssyklusen

Levevis

Harlekinmarihøne er kjent for å være en glupsk bladlusjeger. Den kan også være et skadeinsekt ved at den angriper frukt og ved at den trekker innendørs om vinteren. De går i vinterdvale i de kaldere delene av året, men våkner opp når temperaturen er over 10°C. Det klimatiske forholdene i Norge tillater at harlekinmarihøna kan leve der.

I likhet med mange andre marihøner, bruker harlekinmarihøna kjemikaliet isopropylmethoxypyrazin som forsvar, men denne arten har stoffet i sterkere konsentrasjoner enn de fleste andre marihøner.

Harlekinmarihøna utskiller et luktstoff som kan forårsake ødeleggelser av vinavlinger og skape allergiske reaksjoner.

Referanser

  1. ^ «Harlekinmarihøne Harmonia axyridis». Fremmedartsbasen 2018. Besøkt 8. august 2018.

Eksterne lenker

license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia forfattere og redaktører
original
visit source
partner site
wikipedia NO

Harlekinmarihøne: Brief Summary ( Norwegian )

provided by wikipedia NO

Harlekinmarihøne er en av marihønene. Den er opprinnelig ikke en norsk art, men har etablert seg på Østlandet. Den er innført til Europa og Nord-Amerika for biologisk kontroll av skadedyr, i første rekke bladlus. I tillegg til å spise bladlus spiser harlekinmarihøna andre insekter og deres egg, sommerfugler, blomsterfluer, biller. Den kan fortrenge innfødte arter av marihøner. Man frykter at utbredelse av harlekinmarihøna slik kan forringe artsmangfoldet. Påvirkningen kan også bli indirekte ved at noen av artene den spiser ville ha bidratt til pollinering.

 src= Forskjellige fargevarianter
license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia forfattere og redaktører
original
visit source
partner site
wikipedia NO