dcsimg
Image of Littleleaf Linden
Creatures » » Plants » » Dicotyledons » » Mallows »

Littleleaf Linden

Tilia cordata Mill.

Lind ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Lind (Tília cordata) er eit tre i lindefamilien som veks vilt i store delar av Europa og vestlege Asia.[1]

Skildring

 src=
Lindeblome med trehumle.
 src=
Lindetre i oktober.
 src=
Lindefrø

Linda er eit stort lauvfellande tre med ei brei, kjegleforma krone. Stammen er kort og tjukk, og han delar seg i fleire konkurrerande toppskot. Barken er først gul (med raud lysside) og glatt. Seinare vert han meir ru og grå, og til slutt grå og oppsprukken i furer. Knoppane er spreidde, eggforma, store, raude og hårlause med to knoppskjel. Blada er runde til skeivt hjarteforma med fint takka rand og kort spiss. Oversida er mørkegrøn, mens undersida er blågrøn. Haustfargen er gul, men ganske kortvarig.

Treet blomstrar lang tid etter lauvsprett i juli med gulkvite 5-talsblomstrar i fåblomsta halvskjerm. Blomstrane er samla i små kvastar, og inneheld mykje honning. Dei utviklar etter befruktinga nøtter med vingar, som modnast godt og spirer villig. Rotnettet er oppbygd med ei kraftig, loddrett pælerot, eit hjarteformasystem av hovudrøter, og eit tett forgreina nett av finrøter i overflata.

Utbreiing og habitat

Linda finst i edellauvskog i nesten heile Europa, men er totalt fråverende på Irland og Island. Ho veks heller ikkje i dei nordlege delane av Skandinavia. I Noreg er ho nokså vanleg i kyst- og fjordstrok nord til Norddal kommune og Stranda kommune. Verdas nordlegaste førekomst for lind er i Brønnøy kommune.

Lind var eit dominerande tre i europeiske skogar før den yngre steinalderen, men har seinare blitt sjeldnare på grunn av menneskeleg aktivitet.[2]

Bruk

Lindebast er særleg seig og ligg i tynne lag rundt stamma. Den har vorte brukt til tau. Lindebasten vert flekt av unge tre og renningar om våren. Så ligg den nedsenkt i vatn til hausten. Då vert den oppteken, reinska og oppdelt i tynne bastfibrar. Av desse vert det så slege tau. Den arbeidskrevjande prosessen gjer at dette vert svært dyrt.

Alt i yngre steinalder vart lindebast brukt til til dømes fiskegarn. Ein båt frå eldre jarnalder som vart funne i Danmark, Hjortspringsbåten, var bygd av bord av lind sauma saman med lindebast. Ut i frå arkeologiske funn ser det ut til at vikingskip i stor grad har vore rigga med bastetau av lind, i tillegg til hamp og hestetagl. Under rigging av vikingskipkopiar har det òg vorte prøvt med bastetau. Tradisjonen med reipslaging av lindebast kunne ein finne i Noreg til etter 2. verdskrigen.

Lindeveden er mjuk, og høver godt til treskjering og dreiing.

Silvevet i lind er blitt brukt til å baka brød med.[2] Unge blad kan etast[3] eller brukast som fôr til dyr. Lind blir ofte beita av storfe.[4] Lindeblomar er blitt brukte til urtete og i urtemedisin som sveittedrivande middel. Dei er også ei viktig nektarkjelde for honningbier,[1] og honning laga av lindeblomar er rekna som særs velsmakande.[4] Sevja kan brukast til å vinna ut sukker.[4]

Linda er mykje brukt som prydtre igjennom heile Europa, og har særleg vore planta til å forme alléar. Eit kjent døme på det er gata Unter den Linden i Berlin. Linda som vert planta i parkar og langs vegar kan vere Tilia cordata, men er like ofte parklind, ei kryssing mellom T. cordata og ein meir sørleg art.

Linda er særmerkt ved at ho toler beskjering betre enn noko anna tre. Gartnaren kan derfor forme treet i stor grad.

Lind i kulturen

Lind er nasjonaltreet til både Tsjekkia, Slovakia og Slovenia.[5][6]

Carl von Linné sitt slektsnamn er inspirert av det store lindetreet som stod på familiegarden deira.[1]

Kjelder

  1. 1,0 1,1 1,2 «Lind», Den virtualla floran, henta 27. januar 2016
  2. 2,0 2,1 Michael Allaby, red. (2006), A Dictionary of Plant Sciences, Oxford University Press, ISBN 9780198608912 Den ukjende parameteren |eISBN= vart ignorert (hjelp)
  3. Vernon, J. (2007). Fruits of the forest. The Garden November 2007: 738. Royal Horticultural Society.
  4. 4,0 4,1 4,2 Grieve, M. «Lime Tree». Botanical.com.
  5. Aberystwyth University campus walks tree directory (PDF), Aberystwyth University sports centre, s. 9, henta 14. august 2011
  6. «The linden tree - a tree of friendship, love and loyalty», slovenia.si
  • Johannes Lid (1974): Norsk og svensk flora.
  • Knut Fægri 1969: Norges planter
  • Bohumil Kucera og Ragnar M. Næss: TRE naturens vakreste råstoff.

Bakgrunnsstoff

license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN

Lind: Brief Summary ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Lind (Tília cordata) er eit tre i lindefamilien som veks vilt i store delar av Europa og vestlege Asia.

license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN

Lind ( Norwegian )

provided by wikipedia NO
Bombus hypnorum - Tilia cordata - Keila.jpg
 src=
Tilia cordata

Lind (Tilia cordata) er et løvtre i lindeslekten, innenfor kattostfamilien. Sammen med arten storlind (Tilia platyphyllos) kan den danne den dyrkede hybriden parklind (Tilia x europaea, eller Tilia cordata x platyphyllos).

Utseende

Lind er et stort løvfellende tre med en bred, kjegleformet vekstform. Stammen er kort og tykk, og den deler seg hurtig i et antall konkurrerende toppskudd. Barken er først gul (med rød lysside) og glatt. Senere blir den mer ru og grå, og til slutt grå og oppsprukket i furer. Knoppene er spredte, eggformede, store, røde og hårløse med to knoppskjell. Bladene er runde til skjevt hjerteformede med fint takket rand og kort spiss. Oversiden er mørkegrønn, mens undersiden er blågrønn. Undersiden har rustfargete hårdusker i nervevinklene. Bladstilken er snau. Høstfargen er gul, men ganske kortvarig. Treet blomstrer lang tid etter løvspring i juli. Blomstene er samlet i små kvaster. Fruktene er vingede nøtter, som modner godt og spirer villig. Rotnettet er oppbygget med en kraftig, loddrett pælerot, et hjerteformet system av hovedrøtter, og et tett forgrenet nett av overfladiske finrøtter.

Utbredelse og habitat

Linda fins i edelløvskog i nesten hele Europa, men er totalt fraværende på Irland og Island. Den vokser heller ikke i de nordlige deler av Skandinavia, Hellas eller i deler av Spania og Italia. Linda vokser òg i Kaukasus og Nord-Iran. I Norge er lind vanlig langs Skagerrakkysten, samt langs kyst og fjordstrøk nord til Norddal og Stranda. Verdens nordligste forekomst av lind er i Brønnøy.[1]

Lind er kommuneblomst i Granvin i indre Hardanger, der den danner nesten rene skogbestand mange steder. Flere av disse er vernet som edelløvskogsreservater.

Bruk

Linda er vidt brukt som et prydtre igjennom hele Europa, særlig plantet for å danne alléer i det 17. og 18. århundre. Et kjent eksempel er Unter den Linden i Berlin.

Lind er også meget godt egnet til treskjæring, om en ønsker tre som er lett å skjære i, og ikke setter krav til slitestyrke.

Lindetreets viktigste ressurs i tidligere tider var basten. Lindebast var et velegnet materiale til å lage bastetau. Lindestammer fra små trær ble hugget, lagt i bløt i vann en tid; og deretter kunne bark, tre og bast skilles fra hverandre. Basten ble deretter tvunnet til tau. En fordel med lindetre er at det trekker lite vann, slik at man ikke trenger å tjærebre tau av lind.

I vikingtiden i Norge ble lindetreet ofte brukt til å lage skjold på grunn av vekten og håndterbarheten, og selve ordet "lind" (linding/forsterking, forbinding, lindebast/lindetre) kunne også mytelogisk bety "skjold", som beskrevet i Snorre-Edda.

polsk og tsjekkisk heter lind lipa, og i Polen heter juli måned Lipiec (= lindetresmåneden). Lindetrærne var for polakkene Guds tjenere. Biene svermet rundt dem, og slik sørget trærne for honning til mjøden, og bivoks til lysene under gudstjenestene. Lind er tsjekkernes nasjonaltre og er å finne i våpenskjoldet til landets president.[2] I Russland fremstilte man tidligere en drikk kalt lipez av honning fra lindetreet.[3] De russiske matrjosjkadukkene - med stadig mindre dukker på innsiden, også kalt babuschadukker - lages av feilfrie stykker av lind.[4][5]

Diverse

Carl von Linnés slektsnavn er inspirert av det store lindetreet som stod på hans familiegård.

Referanser

  1. ^ http://www.miljodirektoratet.no/no/Publikasjoner/Publikasjoner-fra-DirNat/DN-rapporter/Handlingsplan-for-kalklindeskog/ (s. 12)
  2. ^ Diane Ackerman: Huset under den forrykte stjerne (s. 19), forlaget Aschehoug, Oslo 2008, ISBN 978-82-03-21118-8
  3. ^ http://www.musaios.com/ash.htm
  4. ^ «Om Babushka». www.babushka.dk. Besøkt 16. januar 2019.
  5. ^ Discovery Channel: "How it's made", sesong 29, episode 07.

Eksterne lenker

license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia forfattere og redaktører
original
visit source
partner site
wikipedia NO

Lind: Brief Summary ( Norwegian )

provided by wikipedia NO
Bombus hypnorum - Tilia cordata - Keila.jpg  src= Tilia cordata

Lind (Tilia cordata) er et løvtre i lindeslekten, innenfor kattostfamilien. Sammen med arten storlind (Tilia platyphyllos) kan den danne den dyrkede hybriden parklind (Tilia x europaea, eller Tilia cordata x platyphyllos).

license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia forfattere og redaktører
original
visit source
partner site
wikipedia NO